RÅDGJEVING

Me jobbar for kundane våre med analyse, strategiutvikling og planlegging innanfor ei rekkje ulike bransjar og forretningsområde, men òg reint operasjonelt. For kan hende treng du hjelp med heilt konkrete oppgåver, som til dømes ein tekstforfattar, nytt eller oppdatert HMS-system eller kanskje søknadsskriving om støttemiddel? Me er her for deg, uansett om behovet ditt er på strategisk eller operativt nivå.

Implementeringsorientering kjenneteiknar oss, og planar me utarbeider i samarbeid med deg skal ikkje støva ned i ein skuff eller bortgøymd mappestruktur. Handling– i form av tiltak, progresjon og oppfylging – står nemleg sentralt i arbeidet vårt. Me har høg kompetanse på det du som leiar treng for å forbetra og vidareutvikla verksemda di.

Strategi, endring og innovasjon

Kva har vi vore, kva er vi i dag, kva vil vi bli og korleis skal vi komma dit? Strategiprosessar inneber mellom anna analyse, setja seg optimale mål, identifisering av alternativ, strategiske val og iverksetjing av tiltak. Dette vil ofte krevja at leiarar er orienterte mot innovasjon i form av endring, nytenking og fornying.

Marknadsføring og kommunikasjon

Dei fleste verksemder vil selja meir. Dét fordrar ein kommunikasjonsstrategi følgd av handling, mellom anna analyse knytt til målgrupper, budskapsutforming- og formidling og medieval. Er marknadens ettterspørsel død eller dalande, så må du selja noko anna.

Produkt, konsept og tenesteutvikling

Kundane sine ynskjer og krav endrar seg i takt med mellom anna impulsar og trendar, teknologisk utvikling eller kanskje ein global pandemi. Dette tvingar verksemder til å tenka kreativt og nytt. Produktutvikling handlar om å tilby nye løysingar på målgruppene sine behov, som er så bra at tilstrekkeleg mange er villig til å betala for dei.

Verdikjedeanalyse og operasjonell forbetring

Flyt, rutinar, system, effektivitet: Korleis er arbeidet organisert, og korleis (og kvifor!) utfører dei tilsette oppgåvene sine? Slike forbetringsprosessar vil spara personalkostnadar, eventuelt omdisponera tilsette til andre oppgåver. Dessutan er målet å redusera støtteaktivitetar- og funksjoner til fordel for verdiskaping: det verksemda di faktisk tener pengar på.

Økonomistyring

Kostnadskontroll, prispolitikk, nøkkeltalsanalyse, budsjettering og likviditetsproblematikk: Økonomistyring handlar om forvaltning av avgrensa ressursar, og der måloppnåing i form av ulike økonomiske måleparameterar – til dømes driftsresultat og ROI – står sentralt

Prosjektleiing

I dag skjer meir og meir av verdiskapinga i samfunnet gjennom prosjekt eller grenselaust nettverksarbeid av forskjellig omfang og varigheit, der ein kanskje ikkje har kapasitet eller kompetanse til å styra prosessane sjølv.
Me kan hjelpa verksemda di med planlegging, strategisk forankring, organisering og implementering.

Organisasjonsutvikling

Organisasjonsinterne faktorar. Døme er oppbygging og organisasjonsstruktur, avdelingar og funksjonsområde, men òg kultur ved mellom anna i kva grad tilsette delar verdiar og haldningar, og jobbar saman mot felles, førehandsdefinerte mål. Andre stikkord er endringsvilje- og evne, motivasjon, organisasjonstilhøyrsle, lojalitet, læring og leiing.

Arbeidsmiljø står dessutan sentralt, til dømes HMS, HRM, konfliktklima, medarbeidardemokrati og relasjonane mellom leiarar og underordna.

Sparringspartnar

Mange leiarar har behov for å sparra med ein fagperson med innsikt i både utfordringar og moglegheiter verksemder flest står overfor. Det kan nemleg vera einsamt på toppen. Dei fleste har mykje ansvar for både verksemd og medarbeidarar, og mange har dessutan høge krav frå styret og/eller eigarar.

Slike samtalar vil ofte vere ei saleg blanding av tankar, idéer, problem og moglegheiter – eller kanskje noko heilt anna.

Rekruttering

Å skaffa nye medarbeidarar kan vere ressurskrevjande, og feiltilsetjingar kostar organisasjonar dyrt. Rekrutteringsprosessen startar oftast med analyse: Kva for kompetanse finnast allereie i verksemda, og kva treng me? Slik kartlegging vil enda opp i ein gap-analyse: diskrepans mellom eksisterande og (antatt) naudsynt, framtidig kompetansebehov.

Deretter fylgjer ein meir konkret fase, som mellom anna består av kravspesifikasjon, utlysingstekst, kandidatsiling og sjølve intervjuprosessen.