Me jobbar for å legge til rette for eit fleksibelt utdanningstilbod i regionen, der me bidreg til kunnskapsutviklinga til det beste for næringslivet og alle som bur her!
Hardanger og Voss Næringshage har i samarbeid med Næringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice starta eit utdanningsprosjekt.
Prosjektet har ei to-delt målsetjing:
• Frå prosjekt til varig tilbod: Gå frå prosjektfinansiering til fast finansiering seinast frå 01.01.2024.
• Tilby fleksible og desentraliserte tilbod som næringslivet etterspør.
Prosjektet har som hovudmål å etablere eit studiesenter/kompetansehub for Voss, Hardanger og Kvinnherad som samarbeider med utdanningsinstitusjonar, fylket, NAV og andre naturlege samarbeidspartnarar om formell utdanning. Vi ynskjer å etablere eit eige studiesenter for denne regionen som del av dette prosjektet. Dette er ein region som har eit stykke reiseveg til næraste campus, og me ser for oss å opprette ei fleksibel studieløysing avhengig av kvar søkjarane kjem frå, og kva bransjar som er representert. Studietilboda vil vera digitale, men også samlingsbasert på fire lokasjonar (Øystese/Norheimsund, Husnes, Odda og Voss).
Naudsynte og framtidsretta studietilbod
Me ynskjer primært å jobbe for formell utdanning lokalt, både på fagskule- og høgskulenivå, samt legge til rette for meir skreddarsydde opplegg for enkeltbedrifter eller bransjar på førespurnad. I tillegg vil me samarbeide tett med Voss herad og arbeidet til heradet med strategisk næringsplan. Me vil også samarbeide med andre aktuelle samarbeidspartnerar for å sikre at me i så stor grad som mogeleg, tek omsyn til alle behov i regionen innan kompetansehevande tiltak og fleksible utdanningsbehov. I dette arbeidet er det viktig med god kommunikasjon med alle verksemdene og aktørane, slik at me kan jobbe for studietilbod som er naudsynte, framtidsretta og sikrar arbeidsplassar i regionen.
Me vil vere eit talerøyr på vegne av næringslivet for å sikre at regionen har tilgang på den kompetansen næringslivet treng, både på kort og lang sikt. Dette heng naturlegvis tett saman med kartlegging, rekruttering og kompetansehevande tiltak. Men arbeidet med utdanning vert retta mot formelle utdanningar i regi av utdanningsinstitusjonar. Me vil jobbe for fleksible og tilpassa utdanningar for oss som bur i regionen og nær der me bur.
Me fekk i 2020, i samarbeid med Høgskulen i Innlandet, på plass deltidsutdanning på fylgjande studietilbod: Årsstudium bedriftsøkonomi, årsstudium organisasjon og leiing, påbygging rekneskap og økonomirådgjeving, og påbygging økonomi og administrasjon. Desse studieretningane vert vidareført i 2021. I tillegg fekk me vinteren 2022 få på plass halvårseining for Rådgjevar for digital økonomi og leiing i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.
Vår rolle vert å koordinere dette arbeidet og spegle dei behova som er i næringslivet. Ta difor kontakt med prosjektleiar Arne Førde om du har synspunkt og innspel til dette arbeidet.