ETABLERARHJELP

Næringshagen kan hjelpa med rådgjeving knytt til både utfordringar og moglegheiter i etablerings- og vekstfasane alle gründerar går gjennom. Me tar difor meir enn gjerne ein uformell prat for å få vita litt om situasjonen din, og kva me eventuelt kan gjera for deg!

Døme er generelle forhold og formalitetar i oppstartsfasen, produkt- og konseptutvikling, strategiprosessar, marknads- og kommunikasjonsplanlegging og/eller praktisk implementering av planane. Eller moglegvis treng du hjelp med meir konkrete oppgåver, som ein tekstforfattar i samband med webutvikling eller kan hende søknader om økonomisk støtte retta mot offentlege tilskotsordningar?

Det er dessutan kort veg til våre samarbeidspartnarar og ulike kompetansemiljø både lokalt, regionalt og nasjonalt – og nettverksutviding er noko dei aller fleste gründerane har stort utbytte av. Kontakt Nils eller Michael i Næringshagen, så set me opp tidspunkt for ein uformell kaffeavtale her i Gondolbygget!