Sirkulære Voss

Sirkulære Voss handlar om å kartlegge ressursar og tydeleggjere korleis ein kan auke verdiskapinga basert på ressursflyten i regionen. Les heile rapporten her: Sirkulære Voss

Verdiskapingspotensialet ved betra ressursbruk i Vossaregionen er høgt. Auka utnytting av eksisterande ressursar, og ny verdiskaping frå ressursar som i dag er definert som avfall, er avgjerande for å nå kommunens klimamål. Betre informasjon om tilgjengelege ressursar og samarbeid om bruk av ressursar mellom ulike aktørar, kan skape nye arbeidsplassar, gi auka verdiskaping og redusera dei totale utsleppa. Denne utviklinga baserast på prinsipp om ein sirkulær økonomi.

 

Om prosjektet Sirkulære Voss

Sirkulære Voss skal bidra til å kartleggje potensiale for sirkulære prosessar på Voss, og bidra til grøn omstilling og nyskaping i regionen Voss og Hardanger.

Prosjektet skal identifisera potensiale for sirkulære prosessar innad i kommunen, og skapa nye grøne arbeidsplassar knytt til resirkulering/gjenvinning, reparasjon/oppsirkulering, deleløysingar, gjenbruk og design for sirkularitet. Prosjektet skal synleggjere korleis sirkulærøkonomi kan vera eit ledd i å omstille regionen til eit lågutsleppssamfunn for å nå klimamåla, og bidra til å skape grøn konkurransekraft.

Prosjektet består av fire arbeidspakkar;

1.    Kartleggje potensiale for sirkulær verdiskaping på Voss og utforske moglegheitene for nye sirkulære forretningsområder i ulike bransjar

2.    Gjenbruksstipend og gründerstøtte

3.    Samarbeid med IHM og prosjektet Voss biopark for å tiltrekke nye bedrifter til Voss

4.    Utvikle ein HUB og kunnskapssenter for sirkulær nyskaping i regionen

Målet med arbeidet er å legge grunnlaget for betre ressursutnytting i den enkelte verksemd, mellom lokale verksemder, og moglegheita til å byggje meir industri på sirkulære prinsipp med utgangspunkt i ressursane i regionen. Dette arbeidet blir fyrst verkeleg effektfullt for regionen og for næringsaktørane om alle bidreg med innspel til arbeidet.

Me har engasjert selskapet Green House til å gjennomføre kartlegginga av potensiale for sirkulære prosessar på Voss. Dei er blant landets fremste miljø på sirkulær ressursutnytting, utvikling av sirkulær industri, og forretningsmodellar. Dei har brei erfaring med ressurskartlegging, og arbeid med korleis me kan skape meir ut av ressursane som finnes i vår region.