Last Tuesday Juni 2019

Last Tuesday Juni 2019

Laster kart ....

Date/Time
Date(s) - 27/06/2019
16:00 - 18:30

Location
Sirkusteltet til Ekstremsportveko på Prestegardslandet

Categories


Last Tuesday Juni 2019

m/Karina Hollekim

og

Jan Erik Kjerpeseth frå Sparebanken Vest

Korleis takla ekstrem endring og omstilling, både privat og i arbeidslivet?

Når livet vert snudd på hovudet

I over eitt tiår var Karina Hollekim profesjonell utøver for Red Bull, men i 2006 tok livet ei dramatisk vending då fallskjermen tvinna seg under eitt hopp. I fritt fall smalt ho inn i ein stein, og knuste begge beina. I fleire dagar svevde ho mellom liv og død, men overlevde på mirakuløst vis. Karina hamna i rullestol med beskjeden om at ho aldri kunne gå igjen, ein beskjed ho nekta å godta. Korleis kom ho seg på beina att, og korleis takla ho omstillinga når livet snudde alt på hovudet?

 

Det har aldri gått så raskt som no, men det kjem aldri til å gå så seint som no heller

Endring og omstilling er også noko de fleste bedriftar må forhalda seg til i dag. Er me redde for å tenkja nyttt? Kva moglegheiter finst i å endra seg? Og korleis gjera dette på best mogleg måte? Det skal Jan Erik Kjerpeseth, konsernleiar i Sparebanken Vest, fortelja meir om.

 

Å byggja ei bygd

Voss har eit mål om å auka folketalet i tida framover, men kvar skal alle bu?
Korleis kan ein gjennom bustadtilbod forbetra folk sin kvardag? Og kva moglegheiter ser ein inn i framtida?

 

Dato: 27. juni (torsdag under Ekstremsportveko)
Tid: Kl. 16.00
Stad: På festivalområdet, Prestegardslandet

Om foredragshaldarane:

Karina Hollekim:

Tidlegare internasjonal basehoppar, fallskjermhoppar og frikøyrar. Er utdanna dataprogrammerar, og jobbar i dag som mentaltrenar for profesjonelle idrettsutøvarar og for leiarar i næringslivet. Har skrive sjølvbiografien «The wonderful feeling of fear«, i tillegg til at det er laga ein dokumentarfilm om livet henner med namnet «20 seconds of joy«. Deltok på Mesternes Mester i år.

Jan Erik Kjerpeseth:

Samfunnsengasjert konsernsjef i Sparebanken Vest og far til tre kjekke ungar. Brenn for kunsten å gjere tankar og idear om til handling.

Ove Håland

Ove Håland er dagleg leiar i arkitektfirmaet Arkoconsult, som er ein totalentreprenør på bustadprosjekt. Har er svært oppteken av verdiskaping og vekst i lokalsamfunn

 

Påmelding til denne lenkja innan 26. juni 2019

 

Last Tuesday er eit arrangement som er i regi av Næringshagen på Voss og Destinasjon Voss. Det er ein månadleg møteplass for næringslivet og gründerar, kor det er fokus på gode faglege innlegg og nettverksbygging. Arrangementet blir halde siste tysdagen i månaden. Last Tuesday Juni 2019 vert arrangert i samarbeid med Ekstremsportveko og Sparebanken Vest på torsdagen istadenfor tysdag.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *