Innovasjonskonferansen 2019

Innovasjonskonferansen 2019

Laster kart ....

Date/Time
Date(s) - 14/03/2019
11:30 - 15:00

Location
Voss kulturhus

Categories


Velkommen til Innovasjonskonferansen 2019

 

Næringshagen på Voss i samarbeid med Voss kommune, Sparebanken Vest og Næringshagen i Hardanger vil herved invitera dykk til innovasjonskonferansen 2019.
På konferansen vil du få høyra om spanande gründerprosjekt, erfaringar får etablerte aktørar og få kjennskap til nye idéar. Du vil få møta sentrale aktørar som bidreg til realisering av nyskapande idéar og ikkje minst knyte kontaktar og hente inspirasjon!

Tid og sted: 14. Mars kl 11.30 – 15.00 Voss Kulturhus
Pris: 400 NOK – Lunsj inkludert i prisen

 

Agenda

Havbrukskollektivet Fra Landbruk til Havbruk – Ein gründers reise over 15 år

Christian Erichsen har bakgrunn fra Forsvaret og 20+ års erfaring fra ulike bransjer innen Bank og finans, Media, Telecom, it og Aquakultur som prosjektleder, forretningsutvikler og leder. De siste 14+ årene som gründer og tidligfaseinvestor hvor han har hatt gleden av å være med på en reise fra ide til internasjonal suksess. Han har jobbet med noen av verdens mest krevende kunder innen media og hjulpet en en rekke digitale selskaper innen ulike sektorer. Siste engasjement er etablering av Bergens privateide Co-working space for vekstselskaper, Bergen.Works og bedriftsnettverket «Havbrukskollektivet».

Myrkdalen – Der ingen skulle tru…
I januar 2003 opna Voss Fjellandsby sitt fyrste skitrekk. På den tida stod dei lokale damene for heimelaga mat i brakkeriggen like ved parkeringsplassen. Skiutleiga fann ein vegg i vegg, og skiskulen på benken utanfor. Det fyrste året var miljøet så lite at dei fleste var på fornamn med kvarandre – både tilsette og gjester. Etter den fyrste sesongen vart det presentert store planar for den vidare utviklinga. Med ein heilskapleg plan i botn var strategien å bygga stein på stein og presentera noko nytt kvart einaste år. Kaia Finne tek deg med på ei reise frå jordbruksbygd til reiselivsdestinasjon av internasjonal klasse.
v/ Kaia Finne – Marknadsdirektør

Fjåk Sjokolade Elskelig sjokolade for alle

Heimelaga kvalitetssjokolade frå ein fjordbunn i Hardangerfjorden som på kort tid har vunne fleire prisar i internasjonale gastronomiprisar. Med 19 prisar i 2018 så har dei klart å setta kvalitetssjokolade på agendaen. «Kvalitetssjokolade er eit levande produkt som smaker ulikt frå sesong til sesong – akkurat som vin. Men det merker man jo ikke på den sjokoladen man får i butikken nå»
Siv og Agurtxane skal ta oss med på ei kakaoreisa i Hardanger og fortelje om den korte men smakfulle historia til Fjåk
v/ Siv Hereid og Agurtxane Concellon

Trolltunga ActiveDet er i motbakke det går oppover

Gryande hotellkonkurs la grunnlaget. Turistane reiste villig gjennom Odda mellom fossar, fjord og fjell, men fann ikkje grunnar tidkonsumerande nok til å velge overnattingsdøger her. Det hjalp lite da den verdskjende reisehandboka «Lonely Planet» gjorde Odda til det råtne eplet i Hardanger tidleg på 2000-talet. Trassig bretta lokale gründarar opp ermene for å visa verda kva dei gjekk glipp av og Trolltunga Active vart etablert. Erle Hauso tek deg med opp den bratte bakken mot sosiale medier-vidunderet Trolltunga og let deg kjenna på sveitten, tårene og gledene til dei som har stått bak og planane vidare.
v/ Erle Hauso – Sals- og marknadssjef i Trolltunga Active og Trolltunga Hotel

Tjommi

Tjommi app som er idéen til student og gründar Henrik Johannesen som gir deg penger tilbake ved kjøp av produkter med prisgaranti Ved kjøp av varer med prisgaranti så har kunden rett på penger tilbake innan 50 dager om det skulle eksistera eit billigare tilbod. Tjommi app automatiserer denne prosessen til kunden sin glede.
v/ Henrik Johannesen – Dagleg leiar/Gründar

 

PÅMELDING
innan 11. mars 2019

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *