Næringshagesamarbeidet

Næringshagane i Hardanger, Ullensvang og Voss inngjekk i i 2020 eit forpliktande samarbeid. Hensikta var for det første å tilby tilgang til næringshageprogrammet for verksemder i nye, geografiske område. For det andre forbetra vi arrangementstilbodet vårt, ved å koordinera arrangementa i regi av dei tre næringshagane, og tilby desse til alle medlemsverksemder i heile regionen. For det tredje utvida vi gjennom samarbeidet kompetansen og tenesteportefølja vår, slik at medlemmane fekk eit breiare rådgjevingstilbod.

Me kan bidra med forståing og innsikt i både moglegheitene og utfordringane du står ovanfor.  Hjå oss i Næringshagen får du som leiar inspirasjon, impulsar og ein høgkompetent sparringspartnar innan til dømes forbetringsprosessar, økonomi, marknadsføring, organisasjonsutvikling eller andre fagrelevante område. Me er ein særs prisgunstig rådgjevar og støttespelar, for deltakaravgifta du betalar består kun av ein eigenandel. Dette kan me tilby av di me får økonomisk støtte frå Siva (Selskapet for industrivekst), og i 2020 er det dessutan moglegheit for ytterlegare rabatt grunna covid19-situasjonen. 

Med utgangspunkt i kjenneteikn ved bransjen, marknadene du opererer i og alt som er unikt ved akkurat di verksemd, kan me saman analysere nåsituasjonen, vurdere strategiske alternativ og leggje opp ein konkret, målstyrt handlingsplan. Eller kanskje noko heilt anna – til dømes om verksemda di har utfordringar av meir konkret karakter. For uansett kva situasjonen er, så er vi her for deg. Ei rekkje engasjerte rådgjevarar i næringshagane i Hardanger, Ullensvang og på Voss står klare til å hjelpa deg og organisasjonen din. Ein eller fleire av oss held nemleg hus i ei bygd nær deg, og kjem meir enn gjerne på vitjing for å ta ein uformell kaffeprat – kontakt Nils i Næringshagen på Voss for meir info! 

Me tilbyr mellom anna målbedriftsavtalar for etablert privat næringsliv, som inneber at me inngår eit gjensidig samarbeid for å skapa vekst og utvikling i di bedrift. Målbedriftsprogrammet tilbyr me i lag med samarbeidspartnarane våre i Ullensvang og Hardanger, og du får tilgang på ressursane og arrangementa i alle tre næringshagar: 

Som målbedrift får du:

Behovskartlegging med gjennomgang av status på verksemda og analyse av utviklingspotensial og/eller fokusområde.

Inntil 16 timar årleg bistand i form av rådgjevingstenester (i tillegg til situasjonsanalysen).

Moglegheit for særs god rabatt på ordinær timepris på tenester ut over målbedriftsavtalen.

Prioriterte og rabatterte deltakarplassar på arrangement. Døme er foredrag, seminar, kompetansehevande tiltak, kurs og møteplassar i regi av næringshagane i Hardanger, Ullensvang og på Voss.

Kort veg til næringshagane sine nettverk og samarbeidspartnarar, regionalt og nasjonalt.

Marknadsføring: Synleggjering på næringshagen si heimeside og andre digitale flater.


Me tilbyr:

• Fast kontaktperson
• Tilgang til dei samla rådgjevarressursane hjå næringshagane i Hardanger, Ullensvang og Voss
• Påverknadskraft på kva arrangement, seminar og kurs me held
• Tilgang på kompetanse og ressursar frå andre næringshagar i Norge

Me kan mellom anna hjelpa med:

• Strategi og forretningsutvikling
• Produkt-, konsept- og tenesteutvikling
• Marknadsføring og kommunikasjon
• Etablerarhjelp ved nyskiping, mellom anna val av selskapsform- og struktur
• Økonomistyring og målfokus
• Rettleiing ved søknad om midlar frå til dømes næringsfond, Innovasjon Norge og SkatteFUNN
• Prosess- og prosjektleiing
• Nettverkssamarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt
• Kopling mot forsknings-og kompetansemiljø i samband med innovasjonsprosessar

Årleg deltakaravgift

Verksemder med inntil 5 MNOK i omsetnad: kr 10 000
  Verksemder med inntil 20 MNOK i omsetnad: kr 15 000
 Verksemder med over 20 MNOK i omsetnad: kr 20 000

Ordinær timepris: 1.200,-. Døme på rabattert tilleggspakke for prosjekt/rådgjeving:
1 200 kr/t x 20 timar –  50 % rabatt = kr 12 000