ny dagleg leiar

Ny dagleg leiar på plass

ny dagleg leiar

Ny dagleg leiar i Næringshagen på Voss as

Hanne Heggen Hedenstad er tilsett som ny dagleg leiar i Næringshagen på Voss as.

Ho tek over stillinga etter Frode Rokne.

 

Hanne har ein master i økonomisk styring frå Norges Handelshøgskule, og er i dag dagleg leiar i Subaru Voss as. Tidlegare har ho jobba som konsulent i Ernst & Young i 4 år.

 

Engasjement og kompetanse

«Me ser fram til å få Hanne inn som dagleg leiar i Næringshagen på Voss as. Ho har eit stort engasjement, og god kunnskap om lokalt næringsliv. Hanne sin erfaring frå leiing, økonomisk styring/analyse og forretningsutvikling var tunga på vektskål for at styret i Næringshagen på Voss as ville tilby ho jobben som dagleg leiar», seier styreleiar, Rigmor Onarheim, i næringshagen.

 

Næringshagen på Voss as

Næringshagen på Voss as vart etablert i 2013 med blant andre Voss Energi, Sparebanken Vest, Voss Veksel- og Landmandsbank, Voss Sparebank og Siva som aksjonærar. Selskapet har hatt ein god vekst i medlemsmassen, og har i dag om lag 65 medlems- og målbedrifter. Næringshagen på Voss tilbyr næringslivet gründeroppfølging, kurs/seminar, møteplassar, rådgjeving og eit samlokaliseringsmiljø.

 

«Eg er takksam for tilliten styret i Næringshagen på Voss as har vist meg. Eg gler meg til å ta fatt i jobben, og verte kjend med dei tilsette, mål- og medlemsbedriftene, samarbeidspartnarane og ikkje minst få betre innsikt i dei mangfaldige aktivitetane selskapet tilbyr til næringslivet», seier ny dagleg leiar, Hanne Heggen Hedenstad.

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *