Nils Lavik

Nils Lavik er seniorrådgjevar i Næringshagen, med mastergrad i marknadsorientering og strategi frå Lunds universitet, bachelor i marknadsføring frå BI og arbeids- og organisasjonspsykologi frå Universitetet i Bergen. Han har jobba som konsulent innanfor mellom anna leiarrådgjeving, rekruttering, analyse, strategi, organisasjonsutvikling, marknadsføring og kommunikasjon. Han er fødd og oppvaksen i Bergen, men flytta til Voss både på grunn av spanande jobb og fordi Voss er Noregs mest sjarmerande vesle alpebygd – med utrulege sports- og utandørsmoglegheiter!

Nils skriv dessutan kronikkar og fagartiklar, spesielt innanfor organisasjonspsykologi, leiing og utviklingsprosessar. Døme på tema er persepsjon, tolkning og individtilpassa leiing, frykt, læring og endringsorientering, attribusjon og organisasjonslæring og  makt, ytringsrom og represalier

Ring NilsSend mail

Ta kontakt