Næringsminister på besøk

I dag har me hatt sjølvaste Monica Mæland på besøk. Ho og nokre andre representantar frå nærings- og fiskeri departementet tok turen for å sjå kva som røyrer seg i og utenfor Voss.
Dei fekk ei omvisning i våre nye lokaler før det bar vidare mot Voss Vind. Der vart det flyging og presentasjonar frå dei ulike aktørane i reiselivet på Voss og i Flåm.