Michael Knüsel

Michael er sivilingeniør, opphavleg frå Sveits, og med 20 års røynsle frå privat næringsliv både i Noreg og internasjonalt. Han har hatt leiar- og seniorrådgjevarstillingar i Aker Solutions, PwC og Sweco sidan 2010, og før det mellom anna jobba for Bosch Power Tools og bygd opp sitt eige firma innanfor sal og distribusjon for Kari Traa i Sveits.

Han har tung kompetanse på forretningsutvikling og strategi, Supply Chain Management/verdikjedestyring, LEAN-metodikk, lineære og sirkulære forretningsmodellar i tillegg til prosjektleiing. Han har dessutan leia større omstilingsprosessar, jobbar både strategisk og operasjonelt, og har brei industribakgrunn frå ein rekkje ulike bransjar – alt frå oppstartsverksemder til store konsern.

Michael er elles glad i friluftsliv, fjell og vintersport, og gler seg over dei fantastiske moglegheitene for heilårlege utandørsopplevingar i allslags vêr- og føreforhold på Voss!

Ring MichaelSend mail

Ta kontakt