MEDLEMSKAP

Bedrifta dykkar kan ha medlemskap i Næringshagen på Voss ved å vere målbedrift eller medlemsbedrift.

Målbedrifter

Medlemsbedrifter

Målbedrifter
 

Som målbedrift får bedrifta dykkar ta del i Næringshagen sine ressursar og nettverk, samt eksklusivt tilbod om:

1. Årleg utviklingssamtale med gjennomgang av status på verksemda og analyse av utviklingspotensial
2. Prioriterte deltakarplassar på kompetansehevande tiltak. Målbedriftene kan spele inn kva dei ynskjer
3. Moglegheit for rabatt på næringshagen sin ordinære timepris for rådgjeving.
Sjå våre tenester for kva me kan tilby her
4. Tilgang til næringshagane sitt nettverk og samarbeidspartnarar
5. Rabattar på kurs i regi av næringshagen
6. Moglegheit for samlokalisering
7. Marknadsføring på heimesida

Bedrifta dykkar kan kvalifisere til å teikne ein målbedriftsavtale. Med ein målbedriftsavtale kan din bedrift få rabatterte tenester frå Næringshagen på Voss som ein del av Det Nasjonale Næringshageprogrammet.

Næringshagen på Voss er ein del av SIVA sitt nasjonale innovasjonsnettverk. SIVA er staten sitt verkemiddel for blant anna utvikling av bedrifter og næringsmiljø i heile landet. SIVA og Næringshagane har eit særleg ansvar for å fremja vekstkrafta i distrikta. Næringshagen på Voss en godkjent SIVA-partnar og er ein del av Det Nasjonale Næringshageprogrammet.

Medlemsbedrift
 

Som medlemsbedrift får bedrifta dykkar tilbod om:

1. Prioriterte deltakarplassar på kompetansehevande tiltak. Medlemsbedrifta kan spele inn kva
dei ynskjer
2. Tilgang til næringshagane sitt nettverk og samarbeidspartnarar
3. Moglegheit for samlokalisering
4. Marknadsføring på heimesida


Prisen for eit medlemsskap vil avhenge av talet på tilsette i medlemsbedrifta,
samt på den økonomiske stillinga til bedrifta.

Ynskjer du å verte medlem i Næringshagen på Voss?
Ring eller send oss ein melding.

Kontakt oss