Lilly-Anne Selland

Lilly er arrangementsansvarleg i Næringshagen, og jobbar med utvikling, konseptualisering, planlegging og gjennomføring av spanande, lærerike og nyttige arrangement. Døme er bransjetreff, happenings, kurs, foredrag og fagseminar, som gir medlemmene våre både fagleg utvikling og moglegheit for nettverksbygging. Men like viktig er samlingar av meir sosial karakter, der det i større grad handlar om kos, mingling og avslapning. 

Eit arrangementshjul er heile tida tilgjengeleg for medlemmene våre på nett, og vert kontinuerleg oppdatert. Du finn det her.

Lilly er dessutan leiar for Voss Sentrum, som mellom anna varetek interessene til medlemmane, og fungerer som felles talerøyr opp mot både heradet og andre sentrale aktørar som tar avgjerder som påverkar sentrum.

Ring LillySend mail

Ta kontakt