LAST TUESDAY

Endeleg er det klart for Last Tuesday igjen!
Me er no ein organisasjon med over 200 medlemsbedrifter, og Last Tuesday er ein fin arena for å møte andre verksemder på Voss.
Me håper å sjå deg på Fleischers tysdag 28.09 klokka 15.00!
Dagens tema
Næringshagen på Voss skal vere ei drivkraft for utvikling i vår region. Me vil denne dagen setje fokus på korleis me og andre kan hjelpe di verksemd med innovasjon og utvikling, anten du driv ei etablert verksemd eller er gründer.
Kva mogelegheiter finst av støtteordningar og midlar der ute, og kva kan me i Næringshagen hjelpe med? Me kjem og med gode døme gjennom presentasjonane.
Støtte frå Innovasjon Noreg og Enova – kva finst av mogelegheiter?
v/ Sveinung Dukstad, Innovasjon Noreg
Andre søkbare midlar
v/ Nils Lavik og Arne Førde, rådgjevarar
Næringshagen – kva hjelp kan me tilby di bedrift? Bli betre kjend med oss!
v/ Michael Knüsel, dagleg leiar og Lilly-Anne Selland, arrangementansvarleg
NB! På grunn av smittevern har me ei maksgrense på 50 personar. Fyrstemann til mølla!
Påmelding her!
Me sjåast tysdag 28.09!