Destinasjon Voss, Næringshagen på Voss og Sparebanken Vest, har gleda av å invitera dykk til sommaravslutning for Last Tuesday. Det vert eit arrangement med spennande foredrag og påfølgjande middag.

Tema for dagen er innovasjon og nyskaping

Dato Torsdag 28. Juni

Tid Kl. 16:00-19:00

Stad OneCall Pit Stop teltet på Prestegardslandet

Billettar Pris for seminar og middag eks. drikke:

Medlemmar Destinasjon Voss/Næringshagen på Voss kr 400,-

Ikkje-medlem kr 800,-

Festivalpass til kveldsarrangement etter middag: kr 800,-

Pakkepris for medlemmer Last Tuesday og dagspass kr 1000,-

Påmelding via denne lenkja innan 26. juni.

Program

Didrik Dimmen – Flowmotion

Didrik Dimmen fortel om reisa til FlowMotion og korleis dei gjekk frå ein liten idé om ein GoPro stabilisator, til å selge for over 50m NOK i forhåndssal, sette opp produksjon i Kina og sende ut produktet verda over.

Rune Smistad – NCE Media

Opplevingsteknologi i praksis

Eit samarbeidsprosjekt mellom NCE Media og NCE Tourism. Teknologi frå tryggleiksløysingar til sjøs er tatt i bruk for å auka tryggleiken og betre opplevingane i naturbasert reiseliv. Eit testprosjekt på Vidden i Bergen.

Asgeir Løno – Sparebanken Vest

Fintech frå Vestlandet

Korleis kan ein lokalbank møta konkurranse frå store internasjonale konkurranter?

Last Tuesday avsluttar etter middag kl 1900. For dykk som ynskejr å ble med vidare så kan Veko tilby dagsbillett tiul ein svært god pris for meldemmar. Det vil då vera anledning til å mingla vidare i teltet. Utover kvelden vert det Dagens video og konsertar med Amanda Delara, Datarock og KREAM, i regi av Ekstremsportsveko.

Påmeldingsfrist innan tysdag 26. Juni

Eit samarbeid mellom

Næringshagen på Voss

Destinasjon Voss

Sparebanken Vest

Ekstremsportveko