Koronahjelp

Delar av næringslivet på Voss har opplevd større eller mindre utfordringar som fylgje av koronakrisa. Næringshagen kan no tilby gratis eller rabattert  rådgjeving, i samband med at Vestland fylke har gjeve støtte som del av ei tiltakspakke i kjølvatnet av Covid-19.

Nokre verksemder er hardare råka enn andre, og problema varierer i både omfang og alvorsgrad. For mange er til dømes redusert etterspurnad og omsetningssvikt det mest akutte, fordi det kan få store konsekvensar for likviditeten og evna til å innfri forpliktingane i eit kortsiktig tidsperspektiv. Ein del leiarar erfarer at arbeidsmiljøet vert prega av uro grunna risikoen for nedbemanning, permitteringar og oppseiingar, noko som kan føre med seg stress, utryggleik, redusert jobbtrivsel og dårlegare produktivitet. Atter andre slit kan hende med kostnadskontroll, marknadsføring eller prisstrategiar, og på toppen kjem fremtidsfrykta. Der ingen veit korleis Covid-19 vil påverke samfunnsutvikling, økonomi, kjøpekraft eller omfanget av restriksjonane styresmaktene eventuelt set i verk, og kva for ringverknader dette kan få.

Uavhengig av kva du som leiar står ovanfor i tida som kjem, kan Næringshagen hjelpe. Me er her for deg. Med utgangspunkt i kjenneteikn ved bransjen, marknadene du opererer i og alt som er unikt ved akkurat din bedrift, kan me saman analysere nåsituasjonen, vurdere strategiske alternativ og leggje opp ein konkret, målstyrt handlingsplan. Dette aukar sjansane for at bedrifta kjem styrka ut av krisa me står i, og som i verste fall kan forverre seg i månadene og åra som kjem.

Kontakt Nils eller Hanne for meir informasjon og/eller avtale om eit møte!