Innovasjonskonferansen 2018

Innovasjonskonferansen 2018

VELKOMEN TIL INNOVASJONSKONFERANSEN

Ein møteplass for gründerar, etablert næringsliv og alle dykk som er interesserte i innovasjon

Næringshagen på Voss i samarbeid med Voss kommune, Sparebanken Vest og Næringshagen i Hardanger vil herved invitera dykk til årets innovasjonskonferanse.
På konferansen vil du få høyra om spanande gründerprosjekt, erfaringar får etablerte aktørar og få kjennskap til nye idéar. Du vil få møta sentrale aktørar som bidreg til realisering av nyskapande idéar og ikkje minst knyte kontaktar og hente inspirasjon!

Tid og sted: 8. Mars kl 11.30 – 15.00 Voss Kulturhus
Pris: 300 NOK – Lunsj inkludert i prisen

Agenda:

Kl. 11.30 Lunsj og registrering

Kl. 12.00 Velkomen v/ Ordførar Hans-Erik Ringkjøb

Kl. 12.15 «Grip mulighetene» Fec AS v/ Kathrine Molvik, sveiseingeniør, gründer og vinnar av prisen «Female Entrepreneur 2016»

Kl. 12.35 «Stolte tradisjonar – ny næring» HMV Gruppa v/ Steinar Hjørnevik, dagleg leiar

Kl. 12.55 «Handtverk og teknologi – Hardingfelemakeri anno 2018» Gjerde Felemakeri v/ Ole Gjerde, musiker og gründer

Kl. 13.15 Pause med smaksprøvar av lokalmat

Kl. 13.45 Utdeling av gründerstipend frå Sparebanken Vest v/ Asgeir Løno, regionbanksjef

Kl. 14.00 «Fra idé til suksess» Hackit As v/ Vegard Ertvaag, maskinist og gründer

Kl.14.20 «Friskus – kjenn deg verdifull» Friskus AS v/ Lene Sælen, produkteigar

Kl. 14.40 «Norges hyggeligste turistkontor» Handelslaget i Ulvik v/ Vibeke Korsnes, dagleg leiar i Ulvik næringslag og Natalia Golis, næringsutviklar i Ulvik

Kl. 15.00 Avslutning

 

Påmelding via denne lenkja innan måndag 5. Mars

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *