Gründerakademiet

Program for å rusta deg som gründer til suksessfull drift eller oppstart av eigen verksemd.
Gjennomarbeidd, heilskapleg program gjennom 4×2 dagars samlingar med forming av di eiga bedrift.
Programmet har gitt høg suksessrate for gründerar og oppstartsverksemder.
Norske Næringshagar/Siva – Kursbevis
Kva: Modning av ide/bedrift med rammeverk som skal til for å trygge drift. Styrking av nettverk og verkemiddelapparat.
Korleis: Erfaringsdeling frå deltakarar og andre gründerar, støtteapparat og næringsliv. Teori, arbeidsgrupper, individuelt arbeid, diskusjonar. Inviterte grundarar og foredragshaldarar. Klargjering av eigen strategi og/eller forretningsplan. Næringshagene i Hardanger, Ullensvang og på Voss er hovudkursleiarar ved Kjersti Bjørke.
- Utvalde tema: Drivkraft & ambisjon. Kunde & marknad. Eigne produkt/teneste. Inntening, produktkalkyler, budsjett & kostnadar. Prosess & aktivitet i verksemda. Historiefortelling & pitch. Finansiering & verkemiddelapparat. Grunnlag for forretningsplan eller strategi og styring.
- Tid: Fredagar 16:00-20:00 / Laurdagar 08:30-16:00
- Datoar:
8.-9. okt,
22.-23.okt
12-13.nov
26.-27.nov - Stad: Hardanger/Voss
- Pris: Kr. 5000,- pr person for heile programmet inkl. mat (og eventuell overnatting).
- Ditt bidrag: Energi, motivasjon, lære- og arbeidslyst
Løpande bindande påmelding (først til mølla prinsipp)
Påmeldingsfrist 15.september
Påmelding her