Gjenbruksstipend

Sit du på ein god idè til meir gjenbruk i verksemda di, men
har ikkje heilt midlane til å realisera den?

No kan du søkja om midlar frå IHM, Voss Sparebank og Hardanger og Voss Næringshage, slik at me saman kan bidra til ei meir bærekraftig utvikling i framtida.

Søk her

Kven kan søkja?

● Alle verksemder og gründerar knytt til kommunane Voss, Ulvik og Eidfjord, som sit på ein god idè til mindre svinn og meir gjenbruk
● Frivillige lag og organisasjonar kan ikkje søkja

For etablerte verksemder vil det bli lagt vekt på at prosjektet/aktiviteten er nyskapande og bidreg til auka gjenbruk i eksisterande drift

Kva kan ein søkja om?

● Utvikling av løysingar som reduserer svinn og forsøpling
● Løysingar som sikrar sirkulasjon av produkt, komponent og material lengst mogleg
● Tiltak som fremjar sirkulær utvikling og som bidreg til auka samarbeid på tvers i næringslivet
● Prosjekt som bidreg til å realisera idèar innan gjenbruk og sirkulære løysingar

Frist for å søka er 1. mars 2023

Søk her