Ved årsskiftet 2020/2021 fusjonerte Næringshagen på Voss og Visit Voss, og med Voss Sentrum som eit eige prosjekt innunder det samanslåtte selskapet.
Hensikta og nokre av dei viktigaste gevinstane er kompetanseauke- og deling, lågare administrasjonskostnadar, auka produktivitet og mykje meir ressursar til operasjonelt, verdiskapande arbeid. Dette kjem i aller høgaste grad medlemmane våre til gode! Dessutan vert det oversiktleg, enklare og meir effektivt for medlemmane, av di dei no vert medlem av éin organisasjon i staden for to eller tre.
Med dette har me no samla dei tre organisasjonane som jobbar for utvikling og vekst for næringslivet på Voss, og slått saman eit ressursgrunnlag me har høge forventningar til – når no alle trekk i same retning mot felles, førehandsdefinerte mål.