Frå idé til marknad

Frå idé til marknad

Velkommen til inspirerande kurs om gründerskap.

 

Vegen frå idé til marknad startar med å la kundane avgjera om idéen din er god. På samlinga vil du læra korleis du kan gå fram for å testa og videreutvikla idéen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpa deg på vegen. Dette er eit kurs for deg som vurderer å starte opp eiga verksemd eller som er gründer og har nyleg starta opp.

Kurset passar også for deg som har ei etablert verksemd, som ein ynskjer å vidareutvikle.

18. oktober inviterer Innovasjon Norge, Voss kommune og Næringshagen på Voss til kurs om gründerskap og utvikling av gode idéar. Me samlast til hyggeleg gründertreff kl 16 med litt mingling og mat. Kurset startar kl 16:30. Det varar i ca 2 timar. Etter kurset vil det vera høve til korte, individuelle samtalar med Innovasjon Norge og Næringshagen. Vel møtt!

Tid: 18. Oktober kl. 1600-1830

Sted: Voss Tinghus, inngang v NAV-kontoret, Skulegata 15

 

Les meir på Innovasjon Norge sine sider og meld deg på innan 17. oktober her:
http://www.innovasjonnorge.no/no/Kontorer-i-Norge/Hordaland/arrangementer/fra-ide-til-marked—voss2/

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *