Frå idé til marknad 15. oktober

Frå idé til marknad 15. oktober

Frå idé til marknad 15. oktober  2019
Velkommen til inspirerande kurs om gründerskap.
PÅMELDING

Vegen frå idé til marknad startar med å la kundane avgjera om idéen din er god. På samlinga vil du læra korleis du kan gå fram for å testa og videreutvikla idéen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpa deg på vegen. Dette er eit kurs for deg som vurderer å starte opp eiga verksemd eller som er gründer og har nyleg starta opp.

Knoppskyting og vidareutvikling

Dette kurset er primært tenkt for gründerar, men metodikken me går gjennom er også relevant for etablert næringsliv. Nyskaping og vidareutvikling for å styrke sitt konkurransefortrinn er viktig for alle aktørar. Me vil derfor oppfordra etablert næringsliv med ynskje om ekspansjon i nye marknader, om å delta.

Presentasjonsrunde

I byrjinga av kurset vil me ha ein kort presentasjosrunde der alle fortel litt om kven dei er, og kvifor dei er her. Dette er sjølvsagt frivillig, men me oppfordrar alle til å dela ideen sin med mindre du jobbar med noko som du tror kan patenteres. Da er ofte ein større risiko å ikkje fortelja folk om kva du driver med, enn å tia og risikkera at ingen veit om dykk.

Smart oppstart

Korleis kan du jobba smart med forretningsideen din slik at du er sikrare på at markande vil ha det du tenker tilby? Dette vil være temaet i fyrste del av kurset. Du kan lese meir om dette her LEAN Start-Up metoden og her om korleis du kan laga ein forretningsmodell

Etablerartilskot

Korleis søkjer du om finansiering frå Innovajson Norge for å testa ut og viderautvikla ideen din? Me går gjennom krav, reglar og gode råd. Du kan lesa meir om dette her om etablerartilskot

Nettverk og kompetanse

Høyr om andre tilbod frå Innovasjon Norge og lokale samarbeidspartnerar.

Korte, individuelle møter (speedate – 15 minuttar)

Me vel ut individuelle møter der me ser moglegheiter for å kunne gi støtte/råd. Dersom du svarer på disse spørsmåla i presentasjonen så er sjansane større for at du får ein samtale.

Kven er kundane/marknaden?
Kva problem/behov tenker du å løysa?
Kva har du tenkt å utvikla? (produkt/teneste/anna)
Kven er du og ditt team, og kvifor skal akkurat dere gjøre dette?
Kva opplever du som den største utfordringa der du står nå?

Kurset passar også for deg som har ei etablert verksemd, som ein ynskjer å vidareutvikle.

Tid: 15. oktober kl. 1600-1800

Sted: Næringshagen på Voss (inngang mellom Scandic og Voss Gondol)
Evangervegen 3, 5704 Voss

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *