Seminar – Kjøp og sal av næringsverksemd

Seminar – Kjøp og sal av næringsverksemd

Næringshagen på Voss
28
nov

Seminar – Kjøp og sal av næringsverksemd

by Næringshagen på Voss
 
73 people viewed this event.

Eigarskifte kan være krevjande – unngå dei største feilene

Eit eigarskifte kan gi ny giv og nye idear til ei verksemd, men ver obs på kva som kan hindre deg frå å lukkast med prosessen.

Det er mange årsaker til at ei verksemd skifter eigarar. Kanskje står neste generasjon klar til å overta, eller kanskje har selskapet vokst seg så stort at det er naturleg å hente inn fleire på eigarsiden gjennom sal av aksjer.

Det finnast mange ulike selskapsformer og eigarkonstellasjonar. Det betyr at kvart enkelt eigarskifte møter unike utfordringar. Uansett kva slags prosess det vert lagt opp til er det to ting du alltid bør ha på plass:

  • Kompetente rådgjevarar som kan bidra til å sikre at prosessen gjennomførast best mogleg, blant anna med tanke på skatt, avgifter og skriftlege avtalar
  • God kommunikasjon til selskapets medarbeidarar, leverandørar, kundar og andre interessentar

 

Sal av aksjar

I mange tilfelle vil det ikkje vere naturleg eller ynskjeleg å overføre eigarskap innad i familien. Det kan vere fleire årsaker til at man ynskjer å selje aksjer i eit selskap. Skifte av beite, ynskje om ny kompetanse, kapitalbehov eller alderdom kan vere årsaker til ynskje om sal.

Sal av aksjer kan vere ein god måte å hente ut gevinst på, enten ved å selje seg heilt ut av selskapet eller overføre deler av eigarskapet. Dei som sel aksjer i ei veksande verksemd kan ha eit ynskje om å dele risikoen med ein partnar, eller dei kan ha behov for frisk kapital for vidare drift og vekst.

Generasjonsskifte

I eit familieeigd selskap kan det vere forventingar om at neste generasjon skal overta eigarskapet. Føresetnadene er naturlegvis ulike frå familie til familie, men i alle tilfelle er det avgjerande med god planlegging for å få ei vellukka overgang.

Eit generasjonsskifte er ofte ein lang prosess, som bør starte før den endelege beslutningen om avgjerda til neste generasjon eigentleg er tatt. Det kan vere ein fordel å gradvis overføre ansvar til den som skal overta, samtidig med at den som overfører eigarskapet må få tid til å innstille seg på å gi frå seg ansvaret.

Risikoen ved å vente for lenge er at den nye eigaren blir kasta inn i problemstillingar som han eller ho ikkje kan nok om. Overgangen kan også bli vanskeleg om vedkomande ikkje får tid til å opparbeide seg tillit hos dei andre i familien, andre eigarar eller tilsette.

Det vert innlegg frå:

Torgils Bryn v/Magnus Legal

Asgeir Løno v/Sparebanken Vest

Roger Arnesen v/Arnpro

 

Date And Time

2019-11-28 @ 12:00
@ 14:00
 

Location

Evangervegen 3, Voss
 

Registration End Date

2019-11-27
 
 

Share With Friends