InnovasjonsHUB på Voss – Ekstremsportsveko

Innovasjonskonferansen 2017

VELKOMEN TIL INNOVASJONSKONFERANSE

Ein møteplass for gründerar, etablert næringsliv og alle dykk som er interesserte i innovasjon

 

På konferansen vil du få høyra om spanande gründerprosjekt, erfaringar frå etablerte aktørar og få kjennskap til nye idéar. Du vil få møta sentrale aktørar som bidreg til realisering av nyskapande idéar  og ikkje minst knyte kontaktar og hente inspirasjon!

Tid: 16 februar 2017 kl 11:30 – 15:00

Stad: Voss Kulturhus

 

Agenda:

Kl.11.30  Lunsj og registrering

Kl.12.00  Velkomen v/ordførar Hans-Erik Ringkjøb

Kl.12.15  Connect vest v/Hege Elvestad og Hans Petter Torsvik, Nordcap «Innovasjon og   nyskaping i etablerte bedrifter»

Kl.12.35  Eidfjord Fjell & FjordHotel v/Borghild Vik«Nyskaping og vertskapsrolla i vakre Hardanger».

Kl.12.55  Invertapro AS v/Alexander Solstad Ringheim «Frå avfall til ressursar –   insekt i oppdrettsnæringa»

Kl.13.15  Pause

Kl.13.40  Nyskapingsprisen utdeling v/Sparebanken vest v/Asgeir Løno og   Sparebankstiftinga Hardanger v/Jakob Dyrkolbotn.

Kl.14.00  Emberlight AS v/Bjørn Slettemark «Innovasjon i den virtuelle verklegheita»

Kl.14.20  Leieting.no v/Christer Hansen Eriksen «Presentasjon av portalen leieting.no»

Kl.14.40  KPMG v/Knut Olav Karlsen «Sentrale trekk som skiljer ein gründer som   lykkast i høve ein som ikkje lykkast- presentasjon av gjennomført studie av 2 case»

Konferansen er gratis.
Påmelding innan fredag 10.02.2017 via denne linken

 

Nyskapingspris

Sparebankstiftinga Hardanger og Sparebanken Vest lanserer Nyskapingspris for Hardanger og Voss i samarbeid med Næringshagen i Hardanger, Næringshagen i Odda og Næringshagen på Voss

Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga i Hardanger går saman og opprettar ein nyskapingspris på 100,000 kroner som skal delast ut i vinter. Næringshagane plussar på med ei rådgjevninsgspakke til verdi av 50,000 som prisvinnar vil nyta godt av og som kan innehalde kontorplass i eit nyskapande miljø, rådgjeving, nettverksressursar og profilering.

Målet med prisen er å auka fokus på nyskaping og entreprenørskap, medverka til utvikling og lansering av bærekraftige produkt og tenester, motivera til gründerskap ved å profilera dei gode historiene og styrke samarbeidet mellom Hardanger og Voss innan innovasjon og nyskaping. Det å stimulera til nyskaping og nytenking er veldig viktig i dagens samfunn der endringtakten er så rask og vil vonleg vera med å sikra eit slagkraftig næringsliv i regionen òg i framtida.

Kriteria for å få prisen er at verksemda må vera innovativ, for eksempel skape eit nytt produkt/teneste, anvende nye produksjonsmåtar, løyse ei oppgåve på ein ny måte, ved bruk av nye materialar eller liknande. Vinnaren må ha stort potensiale for vekst og nye arbeidsplassar som utviklar lokalsamfunnet.

Prisen kan delast ut til verksemder, gründerar og utviklingsprosjekt. Nominasjonsprosessen starta 1. desember og vil gå fram til 31.12.2016. Kvar næringshage skal nominere opp til to verksemder som har utmerka seg som nyskapande. Næringshagane vil ta imot nominasjonar, samt vurdere medlemsverksemder.

Ei styringsgruppe beståande av representantar frå dei forskjellige næringshagane, banken og sparebankstiftinga vil deretter kåra vinnarane, som vil få tildelt prisen på Hardanger og Voss Innovasjonskonferanse medio februar.

Kommentar frå regionbanksjef i Sparebanken Vest Asgeir Løno:

«Dei siste åra har me prioritert ålmennyttinge gåver til frivillig sektor, spesielt idrett og kultur som involverer born og unge. No med aukande moglegheiter til å gje gåver vil me freiste å gjere ein forskjell også med utvikling av næringslivet på vestlandet»

Prisen og merksemda rundt denne er ein fin måte å rette merksemda mot nyskaping og entreprenørskap. Vi oppmodar om innspel til kven som fortener og er verdig ein slik pris seier Marie Oppheim  Næringshagen i Odda, Sissel M Bjørkhaug i Næringshagen på Voss og Sigmund Vereide i Næringshagen i Hardanger.

Asgeir Løno, tlf 905 05 267 email: asgeir.lono@spv.no