Benedicte W. Skaug

Benedicte er rådgjevar i Næringshagen, og jobbar med ulike rådgjevings- og utviklingsoppdrag og arrangement. Ho har mastergrad i økonomi og administrasjon frå NHH, med spesialisering i økonomisk styring samt energi og miljø. I tillegg har ho ein bachelor i reiselivsleiing frå Universitetet i Stavanger. Før ho kom til Voss jobba ho mange år i Visma Consulting med mellom anna HR, økonomi, kurs og arrangement.

Benedicte er innflyttar frå austlandet, og lidenskapeleg oppteken av miljø og berekraft. Ho vart i 2019 tilsett som prosjektleiar i Visit Voss for prosjektet berekraftig reisemålsutvikling, og fekk fast stilling som rådgjevar då dette prosjektet vart avslutta. I juni 2021 fekk Voss tildelt Merket for berekraftig reisemål – les gjerne meir om dette prosjektet her! 

benedicte@visitvoss.no | tlf. 416 02 736