Arrangement
Me tilrettelegg og tilbyr i løpet av året ei rekkje spanande, lærerike og nyttige arrangement som bransjetreff, happenings, kurs, foredrag og fagseminar, som gir medlemmane våre både fagleg utvikling og moglegheit for nettverksbygging. Men like viktig er samlingar av meir sosial karakter, der det i større grad handlar om kos, mingling og avslapning.
Arrangement er eit sentralt satsingsområde for oss, og me jobbar dedikert med utvikling, konseptualisering, planlegging og gjennomføring. Mange slike samlingar er gratis, for andre betaler ein ein mindre eigenandel, medan nokon – til dømes kurs – vil kosta litt meir.
Me planlegg nye og spanande arrangement kontinuerlig, og legg dei fortløpande ut. Og treng du å vita meir om noko, ta gjerne kontakt med arrangementsansvarleg Lilly
……………………………………………..
JANUAR
31: Last Tuesday
……………………………………………..
FEBRUAR
28: Last Tuesday
……………………………………………..
MARS
02:. Bygg, anlegg og eigedom
29-31: Vossadagane
TBA: Digital marknadsføring
……………………………………………..
APRIL
25: Last Tuesday Sommaravspark
TBA: A-B-C for lånemøte med banken
……………………………………………..
MAI
03: Kurs i sal & service
04: Bygg, anlegg og eigedom
30: Last Tuesday
……………………………………………..
JUNI
29: Last Tuesday x Veko
Ingen kommende arrangementer